Skip to content

ordbokapi/api

Repository files navigation

Ordbok API

Prosjektbanner

ProsjektnettstadApollo Sandbox

Introduksjon

Velkomen til Ordbok API, nykelen din til enklare tilgang til data frå ordbøkene. Dette API-et er utforma for å forenkle tilgangen til omfattande informasjon frå dei offisielle norske ordbøkene.

Funksjonar

  • Slå opp ord, definisjonar og bøyingsformer frå Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok.
  • Søk på tvers av ordbøkene.
  • Spør berre etter det du treng med fleksible GraphQL-førespurnadar.

Korleis bruka API-et

Den beste måten å koma i gang med Ordbok API på, er å vitja Apollo Sandbox og sjå gjennom den interaktive dokumentasjonen. Her kan du utforske API-et, prøve ut førespurnadar og sjå korleis dataa er strukturerte.

Starte prosjektet lokalt

Du treng Node.js, Yarn og Docker installert på maskina di for å køyre Ordbok API. Eg tilrår å bruke Volta for å installere Node.js og Yarn. Brukar du Volta, treng du ikkje installere desse manuelt, sidan kodelageret er konfigurert til å bruke bestemde versjonar.

For å starte Ordbok API lokalt, fylg desse trinna:

  1. Klon kodelageret: git clone https://github.com/ordbokapi/api.git
  2. Installer avhengnadar: yarn
  3. Opprett .env og symlenkjer til pakkene: yarn mkenvlink kopierer template.env til .env og opprettar symlenkjer slik at alle pakkene deler same konfigurasjon. Du kan endre portane og passorda i .env om du treng det.
  4. Start tenestene med Docker (PostgreSQL, MeiliSearch og Valkey): yarn services:start
  5. Bygg prosjektet: yarn build
  6. Start tenaren: yarn start:dev

API-et lyttar på port 3000 som standard. Opne http://localhost:3000/graphql for å koma til Apollo Sandbox.

Fylle databasen med data

API-et startar utan data. For å fylle databasen med ordbokdata, må du køyre arbeidarprosessen i eit eige terminalvindauge. Sjå README-en i arbeidarkodelageret for oppsett.

Bidrag

For å bidraga til Ordbok API:

  1. Fork kodelageret.
  2. Gjer endringar i forket ditt.
  3. Send ein pull request med endringane dine.

Lisens

Dette prosjektet er lisensiert under GNU Affero General Public License v3.0 eller seinare. Sjå COPYING for meir informasjon.

Tilbakemelding og kontakt

For spørsmål og tilbakemeldingar, tak gjerne kontakt med meg på GitHub.

Kjelder og takk

Tekst og data frå ordbøkene er © Språkrådet og Universitetet i Bergen, henta frå ordbokene.no. Dette prosjektet er eit uavhengig samfunnsprosjekt av Adaline Simonian og har inga tilknyting til Universitetet i Bergen eller Språkrådet.

© 2026 Adaline Simonian

About

Betre API for Ordbøkene-data

Resources

License

Stars

Watchers

Forks

Releases

No releases published

Packages

 
 
 

Contributors